Tekst: Elisabeth Mork

Ålgård hadde føringa etter ti minutt i første omgong, og heile resten av kampen. Til pause stod det 11-19. Ingenting stemte for Volda, korkje i forsvar eller angrep. Mykje stang ut, og dei greidde ikkje stogge Ålgård sine skåringsmaskiner. Ålgårds nummer 17; Lea Marston serverte 9 fine skåringar, mange av dei flygarar, og Volda var sjanselause mot banens beste på motstandarlaget. Ingrid Pedersen på Ålgård noterte seg for 6 skåringar. 

Skade

Lone Vik opna ballet med ein fin skåring, ho vart også banens beste for Volda med seks fine mål. Aleksandra Zimny skåra 2-0-målet for Volda, tett før kaptein Kine Kvalsvik fekk ein skade i det tredje angrepet til Volda. Vi veit i skrivande stund ikkje korleis det går med armen til Kine, men håper og trur ho er raskt tilbake i førsterekka. Etter dette tok Ålgård att Volda og hadde kontroll på kampen til siste sekund. 

 

Sara Dögg Hjaltadottir fekk ein del speletid i andre omgong, og skåre på to straffer. Elles debuterte Haya Elhanafi i mål i andre omgongen, og greidde seg fint. 

 

Neste kamp

Neste laurdag, 14. desember, er det ny sjanse for vårt kjære heimelag, og vi vonar DU stiller i hallen klokka 18 for å heie damene fram mot Fyllingen, som har 12.-plassen på tabellen. 

 

Måltal: Hilde Søyseth, Auria Ann Ose, Sara Dögg Hjaltadottir 2 (straffer), Kine Kvalsund, Ingrid Jamtli Rye 2, Hanna Ræstad 4, Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes, Lone Vik (BB) 6, Maria Ulla 7, Helga Pedersen Lersveen, Aleksandra Zimny 1 

Dommarar: 

Martin Simenstad og Stig Andre Stensrud