Vi har prøvd å lokke utav Halldór kva som er strategien før dei to siste kampane. Larvik-kampen vil han ikkje tenke på før laurdagskampen mot Fyllingen er unnagjort, så der var det ikkje mykje å hente. Prinsippet om ein kamp om gongen, skjønar vi er smart.

"Etter eit tungt tap mot Ålgård, er jentene gira på å avslutte året på ein god måte. Først møter vi Fyllingen, som har eit ungt, men veldig spennande lag. Eitt av dei beste unge laga i landet." Seier voldatrenaren om motstandarane som står først på tapetet.  "Voldajentene har veldig lyst til å syne publikum at vi kan prestere betre enn vi gjorde mot Ålgård, og håper at publikum møter opp og støttar oss og hjelper oss inn på vinnarsporet igjen."

 

Velkomen i hallen laurdag 14. og onsdag 18. desember, begge dagane klokka 18. Ta deg ei pause i julestria og kom og støtt førstedivisjonslaget, medan du nyt ei fersk svele frå vårt eminente kioskteam! Det har du, damene og Halldór fortent! HEIA VOLDA!