Volda 14.12.19 Elisabeth Mork

Publikum vart håpefulle etter ei god opning av Volda, med ei flott straffeskåring av Sara Dögg og ei knallskåring av banens beste på Volda; Maria Ulla. Ho var toppskårar i førre kamp med 7 mål, og netta fire i denne kampen. Det er ein påliteleg spelar og viktig for flyten i spelet. Det knytte seg i magen då ho vart hjelpt av banen tidleg i første omgong, med tydelege smerter. Heldigvis kom ho på banen att i andre omgong. 

Tilskodarane forstod likevel at dette ikkje vart noko plankekøyring, då Fyllingen tok leiinga i det nittande minuttet i første omgongen, og deretter var det ein litt for spennande kamp. I andre omgongen veksla laga på å ha knapp leiing. Det var ein kamp med ein del slurv og bom på begge lag, noko som også haldt nerven i kampen. 

Trenar Halldór meiner det rett og slett var ein dårleg kamp av Volda, men synest forsvarsspelet er på plass att, og det gir håp framfor neste kamp, som er allereie onsdag. Vi håper førstedivisjonslaget rekk å restituere og jobbe litt med avslutningane til då. Hilde Søyseth stod godt og betryggande i mål, og fekk også ei skåring, då Fyllingen tok ut si målvakt i periodar av andre omgong. Ingrid Jamtli Rye vart toppskårar på heimelaget med 5 nettkjenningar. Det må også nemnast at Lone vik gjorde ein heiderleg innsats i forsvar. 

Kom til Voldahallen på onsdag, no treng laget støtte frå heimepublikum! HEIA VOLDA!

Kampfakta: 

Hilde Søyseth 1, Auria Ann Ose 1, Sara Dögg Hjaltadottir 3 (straffer), Ingrid Jamtli Rye 5, Hanna Ræstad 3, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 3, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes, Lone Vik 2, Maria Ulla 4, Helga Pedersen Lersveen, Aleksandra Zimny 1, Ingvild Græsdal 

 

Dommarane var Hilmar Ingi Jonsson og Øivind Andersen Gott.