18. desember 2019 Elisabeth Mork

Jamn førsteomgong

Maria Ulla opna ballet i førsteomgongen med ei fin kantskåring. Ingrid Rye, toppskårar på Volda med fem fine,   følgde på med eit mål, og Volda var i leiinga heilt til det åttande minuttet. Deretter følgde Volda og Larvik kvarandre tett omgongen ut. Nok ei kul skåring frå vår gode målvakt, Hilde Søyseth, førte til jubel på tribuna, som var ganske fullsett denne kvelden. Noko heimelaget takka for etter kampen. 

Ikkje så jamn andreomgong

Sluttresultatet 24-35 synest noko urettferdig. Hadde alle skota til Volda gått inn, hadde resultatet vore annleis. Det gjekk 8 minutt ut i andre omgongen før det kom skåring frå Voldadamen. På stillinga 16-27, midtvegs i andre omgongen slapp Ingeborg Furunes og Sara Hjaltadottir inn på banen. Det gav ny gnist i kampen, og Sara synte seg som ein kreativ playmaker. Ho fekk også sitt første spelemål for Volda denne sesongen, og vi håper på mange fleire på nyåret. Banens beste på Volda vart Ingeborg Furunes som spelte seg til fire fine mål. Målvakt Hedda Iversen Hagen og spelarane Helga Pedersen Lersveen, Solveig Orheim og Ingvild Græsdal fekk også speletid i andre omgongen. Sistnemnde markerte seg med to nettkjenningar for heimelaget. Alle "nye" gjorde ein god figur, og det gir håp for vårsesongen. 

Skuffa, men motivert

Voldatrenaren Halldór Haraldsson er naturleg nok skuffa over resultatet, og seier at løysinga er å jobbe meir og betre. Han er samd med Volda handballs utskremte i at her også er mykje positivt. "Vi skal vere ein klubb med spelarar frå heile regionen, og vi får brukt nye spelarar godt i dag." Halldór innrømmer at det skaper press og stress å ligge mykje under. Då må skåringane kome, og stressa spelarar er ikkje sikre måltjuvar. Han smiler lurt då underteikna trugar med å avlyse juleferien og seier at "Vi skal ha to gode treningar mot slutten av denne veka, men så skal damene få ei lita veke med juleferie før dei møtest i romjula igjen." Akkurat det får rekruttane frå 10-12 år nyte godt av. Dei kan melde seg på juletrening med førstedivisjonsjentene dagen før nyttårsafta frå 13-14.30 (Mail til Halldor - betal med Vipps).

Neste kamp er bortekamp 5. januar mot Fjellhammer. Halldór nemner den kampen som ein tøff kamp, men jobbar fram mot den i god tru.  

TAKK

Tusen takk for eit godt halvår med mange fine stunder i hallen og mange gode kampar av førstedivisjonslaget. 7 av 12 kampar har dei vunne, og 310 mål har dei skåra. Ein fjerdeplass på tabellen er ikkje dumt å starte det nye handballåret 2020 med, og de har heimepublikum i ryggen uansett. GOD JUL frå Volda handball og vel blåst! 

Tala si tale;

Hilde Søyseth 1, Auria Ann Ose, Sara Dögg Hjaltadottir 1, Fride Heggdal Stølen, Ingrid Jamtli Rye 5, Hanna Ræstad 3, Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes (BB), Lone Vik 3, Maria Ulla 2, Helga Pedersen Lersveen, Aleksandra Zimny 3, Solveig Orheim, Ingvild Græsdal 2

Dommarar var Vegard Klokk Kalløkkebakken og Ane Duun Strømsborg