Etter ein litt famlande start, der botnlaget Levanger 2 framsto som overraskande friske, kjempa heimelaget seg inn til ein nokonlunde komfortabel leiing til pause, med sifra 20-13.

Etter kvilen var det klasseforskjell på laga, og Volda hadde eit heilt anna tempo og ein mykje større presisjon i angrepsspelet enn i starten av kampen. Til slutt enda det med solide 44-21. Dermed har Volda 16 sigrar av 16 mogelege i 2.divisjon.

Thea Imani Sturludottir gjorde ein solid kamp og vart kåra til kampens beste. Artig var det også at debutanten Sara Dyrhol Vatne imponerte, og sette inn to flotte mål.

Sjå reaksjonar rett etter kampen i videoen under!