05.01.2020 Tekst: Elisabeth Mork

Til pause var resultatet 6-16 til Voldalaget, og det var eigentleg berre dei tolv første minutta av første omgang som Fjellhammer hevda seg. Frå den fjerde skåringa til Fjellhammer i det sjuande minuttet, skulle det går 20 minutt til neste gong Søyseth slepte inn noko som helst mellom stengene frå den kanten. I klasse for seg.

Deretter kontrollerte Volda kampen. Toppskårar på Volda var Ingrid Jamtli Rye med 8 nettkjenningar. På Fjellhammer vart Henriette Jack Larsen banens beste, med sine fem mål. Den før omtalte Katarina Ugland fekk inn "berre" fire mot vår eminente målvakt. 

 

Nesten samstundes med den gledelege sigeren i førstedivisjon, sigra også J18 Volda 23-20 over Strindheim. 

 

På onsdag 8. januar har du sjansen til å sjå førstedivisjonslaget heime mot SKRIM Kongsberg klokka 18. Kom og sjå spennande handball og kjøp deg ei handballsvele frå vårt kjekke kioskteam til kvelds. Vel møtt og HEIA VOLDA! 

Tala sin tale: 

Hilde Søyseth (BB) 
Auria Ann Ose 1
Sara Dögg Hjaltadottir 2 (7m)
Ingrid Jamtli Rye 8 
Hanna Ræstad 5
Pernille Holsvik Ingebrigtsen 1
Haya Elhanafi 0
Ingeborg Furunes 4
Lone Vik 5
Maria Ulla 3 
Helga Pedersen Lersveen
Aleksandra Zimny 3
Ingvild Græsdal 1

Dommarar: Roger Nestaas, Alexander Baklie