Søndag 26. januar Elisabeth Mork Foto: Ove Krumsvik (frå arkivet)

Håvard Strand, som var i Nadderud arena og såg kampen, seier det svinga litt i prestasjonane sånn generelt. I andre omgong hadde Volda kontroll etter at forsvaret vart sett. Gode enkeltprestasjonar var det mange av, synest han. Vi takkar for at han tok turen og heia på Voldadamene. Nadderud Arena er elles ein inspirasjon for den nye Volda Campus Arena som i skrivande stund vert reist på Joplassen. 

Trenar Halldór er langt på veg samd med Håvard og oppsummerer kampen med at Volda startar best og tek kontroll og leiing fram til det er spelt 20 minutt av første omgang. Då vert det litt utvisningar og feil på Volda, og dermed slepp Haslum inn i kampen igjen. Volda startar også andre omgong best, men det blir ganske jamt til halvspelt siste omgong. Med eit godt forsvar og ei sterk Hilde i mål leier Volda i snitt med fire mål ut omgongen. Halldór framhevar Ingrid Rye og ALeksandra som gode i angrep i denne kampen. Sara Dögg, som noterer seg for eitt spelemål og ei straffe, tek stadig større ansvar, og er ein talentfull playmaker. Vi gler oss til å følgje med vidare.  

Ekstra gledeleg er det at kaptein Kine er tilbake, og ho noterte seg også for eit mål i denne kampen. Banens beste på Volda vart Aleksandra Zimny med heile 7 skåringar.  

Vi kan elles nemne at tredjedivisjonslaget slo Langevåg/Spjelkavik på heimebane i dag. Mykje kjekt for Volda handball! 

Dei to neste kampane for førstedivisjonslaget er høvesvis 2. og 9. februar mot Rælingen og Førde. Ikkje før 16. februar får vi gleda av å sjå dei spele i Voldahallen.  

Tala sin tale: 

Hilde Søyseth, Auria Ann Ose 3, Sara Dögg Hjaltadottir 2, Kine Kvalsund 1, Ingrid Jamtli Rye 4, Hanna Ræstad 1, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 3, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes, Lone Vik 4, Helga Pedersen Lersveen, Aleksandra Zimny 7, Ingvild Græsdal 1 

Dommarar var Arnfinn Larsen og Vegard Lillebuen.