Kommentator på streaminga nemnde at Rælingen hadde brukt tid på å studere den spesielle spelestilen til Voldadamene, og det såg ut til å stemme. Rælingen demde fint opp mot Volda i før pausen, og takla 5-1-forsvaret til Volda godt. Litt mykje bomskot frå Voldalaget dei første minutta av første omgong. Sara Hjaltadottir sette tre straffer i nettet, og stillinga vart 15-14 til pause. 

Etter kvila fortsette trenden frå første omgang. Redusering 17-15 kom av ei flott Søyseth-Kvalsund-kontring. Nydeleg presisjon. Pernille Holsvik Ingebrigtsen var sikker og god i begge omgangar. Gledeleg å sjå! Time-outen til Volda 9 minutt ut i andre omgang, kom etter at Rælingen auka leiinga til 4 måls forsprang. Mykje bom frå Volda i denne perioden. Strålande målvaktsspel frå Byberg Smestad på Rælingen gjer at dette vert vanskeleg å få hol på for Volda. Heldigvis gjer Voldakeeperen Hilde ein like god jobb på Voldasida, og begge målvaktene vert banens beste, på kvart sitt lag. Ei opphenting frå 6 mål under til 2, gav ny gnist i kampen. Sara skåra på straffe også i denne omgangen. Det enda dessverre 28-25 og dermed tremålstap for Volda. 

 

Vi får reise til Førde og heie dei fram i neste kamp; 9. februar klokka 15. 

 

Tala sin tale: 

Hilde Søyseth, Auria Ann Ose, Sara Dögg Hjaltadottir 4, Kine Kvalsund 3, Ingrid Jamtli Rye 4, Hanna Ræstad 4, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 4, Hedda Iversen Hagen, Ingeborg Furunes, Lone Vik 2, Helga Pedersen Lersveen, Aleksandra Zimny 4, Ingvild Græsdal

 

Dommarar var Magnus Tyrdal og Petter Eia Lien