I og med at du les dette, er du mest truleg ein varm ven av Volda Handball. Ein entusiast.

Viss du ikkje har din eigen grasrotmottakar, så er det på tide å blinke ut klubben din. Velg din mottakar her!

Midlane betyr mykje for klubben

I fjor vart heile 455 millionar kroner fordelt gjennom Grasrotandelen til små og store lag og foreiningar rundt om i landet.

Som grasrotgivar kan du velge eit lag som får 7 prosent av speleinnsatsen din når du tippar, utan at det går ut over innsatsen din, premien din eller vinnarsjansen.

- Kundane får no vere med på å bestemme ein større del av kva Norsk Tipping sitt overskot skal gå til. Det er ei fin nyttårsgåve til lag og foreiningar, fortel Anne Helseth, ansvarleg for Grasrotandelen i Norsk Tipping.

Grasrotandelen bidreg til at Volda Handball kan halde fram med å utvikle unge spelarar og jobbe med talentutvikling for både gutar og jenter i dei yngre avdelingane.

I 2017 fekk klubben inn 37.911 kroner via Grasrotandelen, og det var 135 personar som hadde blinka ut klubben som sin grasrotklubb. 

Slik blir du grasrotgiver

Har du ikkje allereide valt deg ein grasrotmottakar, kan du gjere det enkelt no.

Enten kan du knyte deg til Volda Handball hos ein tippekommisjonær. Eller så kan du logge deg inn på nettsidene til Norsk Tipping her.

Det einaste som krevst er at du er kunde hos Norsk Tipping.

PS! I vedlegget kan du sjå kva alle klubbar i Noreg fekk i fjor.