9. februar 2020: Elisabeth Mork

Gode i forsvar

Hilde Søyseth stod, sin vane tru, svært godt i buret, og resten av laget hadde god sjølvtillit. Noko irriterande slurv var der å spore, men voldalaget presterte som dei skal på det jamne, og forsvarsmessig var dei sterke. Kristine Håheim Vike gjorde fint comeback i voldadrakta. 

Jamnare andre omgang

Andre omgang var noko jamnare, og Førde hadde fleire skåringar. Spesielt Jeanette Øksenberg briljerte med fleire gode distanseskot. Banens beste på Førde vart det Martine Vindheim, som spelte godt i forsvar for heimelaget, som vart, medan Lone Vik fekk den æra på Voldalaget, med nettkjenning på åtte av ti skot på mål. 

Vår gode heiagjeng og supporterklubb, Froskeberget, var gledeleg til stades, og støtta og heia så vi høyrde det heilt til Volda. Det likar vi, og er takksame for.  

Neste kamp er heimekamp

Då er det berre å mobilisere til søndag 16. februar. Klokka 14.30 bles vi i gang kampen mot Flint-Tønsberg. Skal vi ha sjans å kome i kvalifiseringsposisjon til eliteserien, må absolutt alle poeng ut serien gå til Volda. Då må publikum kome og støtte. HEIA VOLDA! Vi lovar god stemning og fantastiske sveler i Voldahallen om ei vekes tid. 

Tala sin tale

Hilde Søyseth, Auria Ann Ose 2, Sara Dögg Hjaltadottir 2, Kine Kvalsund 2, Ingrid Jamtli Rye 4, Hanna Ræstad 2, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 4, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes 1, Lone Vik (BB) 8, Aleksandra Zimny 1, Kristine Håheim Vike, Ingvild Græsdal 

Dommarar var: Hilmar Ingi Jonsson og Øivind Andersen-Gott