Volda 16. februar 2020 Elisabeth Mork

Sterk førsteomgang

Det var skikkeleg godstemning blant dei 250 frammøtte i hallen før pausen. Volda tok tak frå første sekund, og leia heile omgangen igjennom. På det meste med sju mål, som pauseresultatet 16-9 også syner. Voldajentene jobba smart og hardt, og det gav resultat. Det kunne sjå ut som Flint vart tekne litt på senga. Hilde var sikker som bank1 i mål, og publikum kunne nyte godt forsvar og gode angrep. Vår eminente målvakt vart også kåra til banens beste. Sara fekk synt seg både som playmaker og straffesetjar, med heile 6 mål, der fem av dei var straffer.  

Så snudde det

Det var tydeleg at Flint hadde fått tilbakemeldingar frå Tonje Larsen i pausen. Etter kvila tok dei tak, og tidvis parkerte dei Volda. Ei lita stund leia dei også. Det som imponerte, var at Voldadamene aldri gav opp. Dei kjempa som løver i angrep og forsvar, og greidde å roe ned og planlegge angrep, sjølv under press. Mot slutten stod det tomålsleiing til Volda, så vart det uavgjort, og svært synd, så gjekk ikkje siste ballen frå Volda inn. Det var på hengande håret. Publikum gjekk frå avslappa glede, til ulideleg spenning, og over i ein liten skuffelse over poengdelinga. Likevel vil vi framheve at her var det mykje positivt å sjå hjå Volda, og dei var fullt på høgde med Flint – og meir til, store deler av kampen. Skåringstala fortel om eit jamt lag, der ein nyttar heile breidda. Takk til eit engasjert heimepublikum, og takk til Halldór og damene for underhaldande handball! 

Tala sin tale

Hilde Søyseth, Auria Ann Ose 3, Sara Dögg Hjaltadottir 6, Kine Kvalsund 3, Ingrid Jamtli Rye 3, Hanna Ræstad 5, Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes, Lone Vik 2, Helga Pedersen Lersveen, Aleksandra Zimny 2, Kristine Håheim Vike, Ingvild Græsdal 

 

Dommarar var Neda Rahimizadeh og Rubicca Nagalingam