Volda 23. februar 2020: Elisabeth Mork

Første omgang

Damene våre starta godt begge vegar, og med kaptein Kine Kvalsund i spissen overkøyrde dei Grane dei første minutta av kampen. Allereie før det var gått 12 minutt hadde Kine sett sitt femte mål, og sikra toppskårarstatus og banens beste for Volda. Grane Arendal verka rolege, og hadde tydeleg mindre tempo i spelet enn heimelaget. Sascha Juul, med sine 6 nettkjenningar vart kåra til banens beste for bortelaget. Voldamålvakt Hilde Søyset er i ein klasse for seg, og også Hedda Hagen, som slapp til mellom stengene i andre omgang, synte kva ho er god for. Heimelaget står svært godt bakover og leverer også i angrep. Dei går til pause med sju mål i pluss, men med førre heimekamp friskt i minne, tør vi ikkje slappe av. 

 

Andre omgang starta også bra

Etter 14 minutt leia heimelaget med ti mål, før det kollapsa. Kva som skjedde klarer vi ikkje å setje fingeren på, men plutseleg fungerte ikkje noko som helst. Mål nummer 26 for Volda, var det Ingvild Græsdal som sette, på 13.52, og etter det var det fullstendig måltørke for voldadamene. Ørkenvandring rett og slett. Gledeleg er det at Ingvild skåra 4 mål i denne kampen, og synte at ho er god nok for førstedivisjonsspel. Vi gler oss til å sjå meir av denne spelaren!  Kjekt var det også å sjå at Fride Stølen er tilbake etter skade. Sluttresultatet vart 26-25. Grane Arendal skåra tett då Volda i undertal tok ut målvakta for å ha fleire i angrep, og i tillegg gjekk det meste for bortelaget inn dei siste femten minutta. Raudt kort på Ingrid Rye etter tre utvisingar, var heller ikkje godt, sjølv om ho deler toppskårartittelen med Kine. Dei sette fem gode kvar. Vi takkar for god underhaldning, og ein spennande kamp, sjølv om publikum er godt nøgde med ein trygg siger med fleire mål i margin også, altså. 

 

Neste kamp

Bortekamp mot Ålgård i Gjesdalhallen neste søndag (01.03)klokka 14. Dette er også ein viktig kamp, så er du i området, håper vi du kjem og heiar. Neste heimekamp, og den siste heimekampen denne sesongen er 8. mars klokka 13, mot Charlottenlund. Då håper vi på full hall og god underhaldning! 

Sjå bilete frå kampen her: Foto: Idar Kristiansen

 

Tala sin tale: 

Hilde Søyseth, Auria Ann Ose, Sara Dögg Hjaltadottir 3, Kine Kvalsund 5, Fride Heggdal Stølen, Ingrid Jamtli Rye 5, Hanna Ræstad 3, Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes 1, Lone Vik 3, Helga Pedersen Lersveen, Aleksandra Zimny 2, Kristine Håheim Vike, Ingvild Græsdal 4

 

Dommarar var Hilmar Ingi Jonsson og Øivind Andersen-Gott