8. mars 2020 Elisabeth Mork

Full fart

Kampen starta med full innsats og god fart, og med unnatak av ein lite timinuttars periode i andre omgang, var det god handball gjennom heile kampen. Voldadamene heldt jamt høgt nivå, og trygge, gode Hilde Søyseth hadde både skåring og fleire fantastiske redningar, og vart fullt fortent kåra til banens beste av vår eminente lokale jury. Julie Nygård på Charlottenlund fekk utmerkinga banens beste på bortelaget. Sara Dögg Hjaltadottir vart heimelaget sin toppskårar med heile 7 nettkjenningar, der seks av dei var på hennar gode straffekast. Vi ser eit lag som er trygge på kvarandre og støttar kvarandre. Volda hadde meir fart enn motstandarane gjennom heile kampen, både på løp og på sentringar.

 

Spennande

Til pause stod det 15-12 til heimelaget, og vi følte oss på ingen måte trygge. Kanskje var det nettopp det at dei ikkje hadde trygg leiing med mange mål, som gjorde at dei sette fart frå første sekund i andre omgang også. Etter halvspelt andre periode utlikna CSK, og vi må innrømme vi vart litt nervøse, då minutta før og etter utlikninga var prega av noko tekniske feil og ein del bomskot frå heimelaget. Dei tok seg imidlertid, og heldigvis, inn att, og synte stamina og styrke. Dette er den lengste perioden førstedivisjonslaget har klart å halde oppe trykket. Dei kom seg ut av den labre perioden og sette full fart igjen, etter at Ingeborg Furunes fekk hol på byllen i det det var fire minutt att av kampen. Ingeborg skåre dei tre siste og svært avgjerande måla, og sikra Volda to poeng i nest siste seriekampen denne våren. To viktige poeng. Neste, og siste seriekamp, er 22. mars mot Fyllingen i Framohallen. Då stsar vi på to poeng til Halldór og damene, då også. 

 Ingeborg Furunes jublar etter si andre skåring. 

Sponsorar er viktig

Generalsponsor Sparebank1 Søre Sunnmøre synte seg frå den rause sida, og delte ut gratis kaffi til alle av dei meir enn 300 publikum som hadde funne vegen til Voldahallen denne søndagen. I tillegg til loddtrekning på billettane, delte dei også ut ein stor gåvesjekk til damelaget som takk for innsatsen denne sesongen. Det er dei vel unt! Entusiastane delte også ut ein gåvesjekk til Volda Handballklubb, som klubben kan nytte for å støtte dei som treng litt ekstra lette i treningskontingent eller liknande. Takk til både Entusiastane og Sparebank1. 

 

Tala sin tale: 

Hilde Søyseth 1, Sara Dögg Hjaltadottir 7, Kine Kvalsund 3, Fride Heggdal Stølen, Ingrid Jamtli Rye, Hanna Ræstad 1, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 3, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes 4, Lone Vik 3, Aleksandra Zimny 1, Kristine Håheim Vike 1

Dommarar var Eivind Holager og Ove Runhaug