Vipers er Noregs beste, og ein av verdas beste handballklubbar. Vi trur at det å lære av dei beste kan hjelpe oss på vegen vidare mot målet om spel i eliteserien.

«Ein veldig inspirerande dag. Vi vart tekne imot med opne armar, og opplevde at Vipers meir enn gjerne ville dele sine erfaringar med oss.», seier ein tydeleg inspirert Norodd Dyrhovden. Bodskapen er eigentleg svært enkel; Hardt arbeid, vere audmjuk og etterretteleg overfor alle ein samarbeider med, og å tru på eige prosjekt.

Dagen i dag har lært oss at Vipers «lever som dei lærer». Ei stor takk til administrasjonen i Vipers ved Kalla, Terje Marcussen, Morten Løvø og Christer Paulsen.