Elin Ulvestad Sætre har signert ein to års kontrakt med Volda Handball.
 
Bakspelaren som kom til klubben frå Ålesund handballklubb før denne sesongen, føyer seg inn i rekkja av spelarar som den siste tida har forlenga for Volda: Kine Kvalsund, Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Hilde Søyseth og Vanessa Sunde Hoel.
 
- Elin er ein viktig spelar for klubben og er sterk i begge endar av bana. Ho kan spele i alle dei tre posisjonane bak på bana. Dessutan er ho ei kjekk jente som heile gjengen likar godt, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson i ein kommentar til signeringa.