Som hand i hanske

– Handball er ein stor idrett i fylket, det engasjerer breitt i barneidretten i tillegg til at vi har fleire lag som også hevdar seg i norsk topphandball. Volda Handball er ein slik klubb, som klarer å kombinere både breidde- og topptilbodet. Dette er hand i hanske for oss i Sparebanken Møre, seier banksjef Mette Ryste i Sparebanken Møre

Viktig for lokalsamfunnet

Vi brenn for lokalsamfunnet vi er ein del av, vi er Voldapatriotar og vi gler seg oss over å få ta aktivt del i utviklinga til Volda Handball i åra framover.

Som den største banken i fylket vårt, har vi i Sparebanken Møre ein klar strategi om å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til det samfunnet vi er ein del av. Vi opplever Volda Handball som ein svært god ambassadør og vi har mange felles interesser med klubben. Vi er begge lokalt forankra, har lang historie og felles verdigrunnlag, seier Ryste.

Ho viser til dugnadsånda, lidenskapen, entusiasmen og den brennande iveren som kjenneteiknar breiddeklubbane, og som bidreg til venskapsband, glede og fellesskap blant både dei unge og topplaget, som er gode førebilete.

– Vi veit at klubbar som kan kombinere både topp og bredde er avgjerande for at born og unge skal få sjansen til å realisere draumane sine i idretten. Volda Handball er ein klubb der det er lov å bli god. Dei jobbar langsiktig, samarbeider og deler sin kunnskap med andre klubbar på Nordvestlandet, seier Ryste.

Felles innsats

Norodd Dyrhovden, styreleiar i Volda Handball, fortel at klubben er svært fornøgd med å ha fått Sparebanken Møre med på laget framover. Dei står fram som ein ekte og solid støttespelar som deler entusiasmen og målet vårt om å etablere klubben i toppen av norsk handball. Dette skal vi klare ved å ha det beste tilbodet til dei minste, det mest attraktive tilbodet for unge talent frå regionen, og eit topplag med lokale profilar.

Både Volda Handball og Sparebanken Møre bidreg på kvar sin måte til å gjere Volda til ein god plass å bu og vekse opp i. Saman skal vi utrette mykje i åra framover, og vi skal skape nye magiske handballopplevingar både for store og små. Det gler vi oss til, seier ein entusiastisk styreleiar.

 

For meir informasjon, kontakt:

Sparebanken Møre – Banksjef Mette Ryste, tlf. 481 81 326

Volda Handball – Styreleiar Norodd Dyrhovden, tlf. 922 96 776