«When they go low, we go high» M. Obama

Norodd Dyrhovden,

Volda handball

 

Norges Håndballforbund har talt! Appellkomiteen har talt! «Anken fra Volda HK forkastes.» Ingen opprykk for Volda Handball. NHF – Volda HK 1-0, eller?

Sesongen som brått vart avslutta hadde feil lag i opprykksposisjon. Rekkefølga måtte stokkast om; «for å ivareta helheten og totaliteten i norsk håndball på en mest mulig rettferdig måte». – sitat NHF.

 

Det var vel ingen som trudde at det var mogleg å gjere om eit slikt vedtak, og heller ingen som trudde at det var mogleg å finne ei løysing der utfallet vart oppfatta rettferdig for alle partar i ein slik situasjon. Volda HK slengte ikkje urettferdig -kortet på bordet,  men anka vedtaket som vi meiner ikkje hadde heimel i reglementet, og som i stor grad var basert på eit administrativt skjønn. Det går ikkje på om noko er rettferdig eller ikkje, men kor vidt vi er del av ein organisasjon som er i stand til å handtere ein vanskeleg situasjon med forankring i styrande regelverk, og ikkje ut frå administrativt skjønn og ønska utfall. Ja, for det er vel ingen i handball-Noreg som trur at utfallet hadde vorte det same om det var Volda som låg eit poeng bak med ein kamp mindre spelt og dermed fått opprykk på bekostning av Rælingen?

 

NHF har fått all makt. Makt til å sjå bort frå kamp og konkurransereglement om det skulle passe seg slik. Rett til å hoppe ut og inn av paragrafar, og tolke regelverk etter eige forgodtbefinnande. Rett til å bruke eige skjønn som overordna prinsipp om regelverket sitt system og orden skulle gi ubehagelege resultat.

Dette har no Handballforbundet sin eigen ankeinstans, Appellkomiteen slått fast. Ein komité med ei overvekt av juristar pluss eit par andre kloke folk. Ironisk nok slår dei dette fast ved å vise til paragrafar i NHF sine reglement som må følgast. Som om dette skulle være nytt for oss? Ved å peike på regelverket slår Appellkomiteen fast at NHF kan sjå bort frå det same regelverket berre resultatet passar. Dermed har dei parkert seg sjølv og sin funksjon som ankeinstans for alltid.

 

Utfallet av anken visste vi sjølvsagt på førehand, men meinte likevel det var rett å bruke både tid og energi på å utfordre eigen organisasjon frå ein liten dugnadsdriven klubb langt unna «maktenes handballkorridorar» og episenter både regionalt og nasjonalt.

Og vi har gjort det med verdigheit. Utan sutring og prat om urettferdigheit, men med sakleg argumentasjon knytt til eit vedtak som vi fortsatt meiner er ein demokratisk organisasjon uverdig. Vi har gjort det med verdigheit, der vi sjølv om sportsjournalistar nærast dagleg har vore på oss både frå lokale og nasjonale mediehus, har styrt etter oppmodinga handballpresidenten kom med på ei eliteklubbsamling i etterkant av dei massive medieoppslaga rundt NHF si rolle i tilsetjinga av ny idrettspresident. «I NHF skal vi snakke saman og handtere ueinigheiter internt og ikkje i media.» Ein god strategi for å beskytte omdøme til NHF, ein dårleg strategi for Volda HK om vi berre hadde eitt mål for auge.

 

Volda HK skal gjere seg fortent til opprykk ved å vinne kampane på parketten, og vi hadde opprykksplassen då serien vart stoppa. Vi kjem aldri til å kunne lobbyere oss til respekt og suksess, eller argumentere oss til opprykk.  Til det er vi for ubetydelege og for langt unna, og det ligg utanfor våre Fair Play reglar.

 

Ankehandsaminga har vore ein lærerik prosess for oss, og forhåpentlegvis også for NHF om dei tar seg tid til å reflektere bakover. Mitt engasjement vert no i si heilheit flytta over til det som skjer på parketten. Det er den einaste Fair Play arenaen der ein klubb som Volda HK kan vinne. Den er open, synleg, med eit tydeleg regelverk som eg trur er likt for alle.

Her lovar vi knallhard kamp framover. Og til dei i Norsk Topphandball som no pustar letta ut over å sleppe å reise til Volda komande sesong, så vil det være minst like langt til Volda i handballsesongen 21/22.

 

Norodd Dyrhovden

Styreleiar

Volda Handball