Volda,10. mai, 2020:  Foto: Ove Krumsvik

Volda Handball kan i dag annonsere at Halldór Stefán Haraldsson blir hovudtrenar for damelaget i to nye år. Volda Handball er svært fornøgd med at Halldor blir med vidare, og dermed er ei viktig brikke på plass i den vidare satsinga mot eliteseriespel for damelaget.

 

Frå venstre: Mette Ryste, Banksjef PM, Volda, Generalsponsor Sparebanken Møre, Norodd Dyrhovden, styreleiar Volda HK, Halldór Stefán Haraldsson – Hovudtrenar Volda HK, Bent Ingebrigtsen. Sportsleg leiar elite, Volda HK Foto: Ove krumsvik

-Volda Handball sitt damelag har allereie vist at dei høyrer til i toppen av norsk damehandball. Halldor har fått fram eit stabilt vinnarlag basert på lokale og regionale spelarar, og vi er svært entusiastiske og stolte over å ha fått med oss Halldor i minst to år til, seier styreleiar Norodd Dyrhovden.

Halldór Stefán Haraldsson kom til Volda for snart fire år sidan, og sette umiddelbart sitt preg på alt sportsleg arbeid i klubben. Stikkordet er systematikk i alt som blir gjort. Tydelege individuelle og kollektive treningsopplegg for alle aldersgrupper basert på erfaring og forsking, loggføring, evaluering og justering. Utstrekt bruk av digitale plattformar og videoanalyse knytt til både førebuing og evaluering av trening og kamp, lever han etter prinsippet om at  «djevelen ligg i detaljane». Og det gir resultat!

-Grunnen til at eg signerer for nye to år, er drivkrafta i klubben. Det viktigaste for ein trenar er at ein kan stole på dei folka du har rundt deg, og det føler eg at eg kan her i Volda. Eg blir inspirert av den entusiasmen og alt det arbeidet folka knytt til klubben legg ned kvar dag. Derfor trur eg vi kan løfte klubben til nye høgder samen med sponsorar, publikum og alle andre som er glad i Volda handball, seier Halldór Stefán Haraldsson.

Halldor seier vidare at desse fire åra i Volda har gått fort, og at det har skjedd utruleg mykje.

-Klubben har hatt stor utvikling, og spesielt har organisasjonen utvikla seg enormt.  Vi står stadig framfor nye utfordingar, og det engasjerer og inspirerer meg at vi heile tida må strekke oss litt lenger for å lukkast. Det å vere tilsett som trenar i ein klubb med så mykje entusiasme og liv gir meg utruleg mykje.

-Heile familien trivest også utruleg bra i Volda, og vi gler oss til dei neste 2 åra, seier Halldór Stefán Haraldsson til slutt.

 

Norodd Dyrhovden, styreleiar i Volda Handball, fortel at dette er ei viktig signering for heile klubben. I tillegg til å vise seg som ein komplett trenar for seniorlaget har Halldor vore sentral i utviklinga av den sportslege strategien på alle nivå i klubben. Halldor har frå første dag vore tydeleg på at handballglede og reisa til ein framtidig elitespelar startar allereie i borna sitt første møte med klubben. I «Liten Før Eliten» beskriv vi denne reisa, og at vi har ein elitetrenar som ser og jobbar for heilheita er strålande!

For meir informasjon, kontakt:

Volda Handball – Styreleiar Norodd Dyrhovden, tlf. 922 96 776

Volda Handball – Hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson, tlf. 902 34 229