Pressemelding 15. mai 2020

Hovudtrenar Halldór er veldig glad for at Hanna vel å signere vidare for Volda. "Ho er ein fantastisk person, og eg er veldig stolt av utviklinga hennar dei siste åra! Ho står for det heile laget står for; innsats og stå-på-vilje. Hanna blir ei veldig viktig brikke for oss dei neste 2 sesongane." 

 
Leiar for sportsleg utval og svært engasjerte Bent Ingebrigtsen er svært nøgd med signeringa. 

Hanna uttaler at ho signerer vidare med Volda fordi ho har stor tru på dette laget og opplegget rundt dei. "Etter at vi rykte opp frå 2.divisjon har vi lagt bak oss to gode sesongar i 1. divisjon, og vist at vi er eit lag å rekne med i toppen av divisjonen og i kampen om eliteserieplass. Eg trivst svært godt i Volda, og føler at eg framleis utviklar meg med Halldór som trenar. Han har mykje å lære vekk, som eg trur og håper vil gjere meg til ein betre handballspelar."
 
Ho seier at dei har eit sterkt samhald i laget, og har over fleire år skapt eit kjempegodt treningsmiljø. "Vi er ei treningsvilleg spelargruppe, som eg har tru på kan ta endå nye steg komande sesong. Det er stor entusiasme rundt klubben, og mange frivillege som legg ned mykje tid og innsats for at det skal kunne arrangerast 1.divisjonskampar i Voldahallen." Hanna vil framheve at det betyr mykje å ha eit godt støtteapparat med trenarar, entusiastar, styret og sponsorar, som står på og legg til rette for at spelarane skal få ein optimal treningskvardag. I tillegg er Volda ein klubb med høge ambisjonar, og som satsar mot eliteseriespel. "På mine 4 sesongar her, har eg blitt veldig glad i klubben, og har så klart veldig lyst til å oppleve endå eit opprykk med denne gjengen. Det blir spennande å sjå kva vi kan få til denne sesongen. Eg gler meg til to nye år i Volda, og ikkje minst, til å få spele i ny hall!" smiler Hanna. 
 
Vi gler oss til å følgje Hanna dei to neste åra, over i Volda Campus Sparebank1 Arena, og kanskje opp i eliteserien!