Pressemelding 19. mai 2020

Kine Kvalsund seier det slik, sjølv; "Eg valde Volda fordi eg ser på klubben som ein stad der eg kan utvikle meg. Det viktigaste for meg er utvikling, og eg har trua på at eg får utvikle meg som handballspelar her. I tillegg syner klubben at dei er klare for å satse vidare, at dei stadig går mot nye utfordringar, og set seg spanande mål for framtida. Eg trivst svært godt i klubben, men også i Volda generelt. Eg jobbar fullt som lærar ved sida av handballen, og gjengen på VUS er flinke til å legge til rette for at eg kan få drive med handball på dette nivået samstundes. Det er noko eg set stor pris på.

Vidare har eg trua på klubben, på laget vårt, og trua på at vi kan ta nye, store steg saman i tida som kjem. Vi har det svært kjekt saman, både på og utanfor bana.

Til slutt er trenaren vår, Halldór, ei viktig brikke for at eg valde å fortsetje i klubben. Han viser ei enorm vilje til å utvikle både seg sjølv som trenar, men også oss som spelarar, lag og menneske. Eg har vorte veldig glad i klubben og alle rundt klubben. Eg har på ein måte vorte "vaksen" her, og er glad for at eg får fortsetje å spele i voldadrakta!"

 

Tommel opp frå sportsleg leiar, Bent Ingebrigtsen, til at Kvalsund tek eitt år til i Voldadrakta. 

Vi diggar sjølvsagt at Kine, vår stødige kaptein og høgtflygande ving, vert i klubben, og kan love at vi set like stor pris på Kine, som ho gjer på Volda. 

 

Trenar for førstedamene, Halldór Stefán Haraldsson, er også svært glad for at Kine vel å satse vidare i Volda. "Ho er ein av dei mest erfarne spelarane, som held oppe treningskvaliteten, og er ein kulturberar i gruppa. Ho har vore kaptein dei siste åra, og det at ho er med vidare gir oss alle tru på prosjektet. Dei gode kvalitetane til Kine er eit produkt av treninga ho har lagt ned. Ho har trent veldig bra over lang tid, og har derfor hatt denne gode utviklinga. Kvalsund er også eit godt førebilde for våre spelarar, og syner at det finnast mange vegar til mål. Trenar du jamt og godt over tid, så har du alle mulegheiter til å bli ein av dei beste. Eg trur og håper at vi får sjå mange fine skåringar frå Kine Kvalsund i år."

 

Akkurat det kan vi skrive under på! Vi set stor pris på at Kine er ein "stayer", både på trening og i klubben! Heia Kine og heia Volda!