Volda,20. mai, 2020:

Volda Handball har eit stort rekrutteringslag på damesida, med 25-30 unge jenter som pustar spelarane på førstelaget i nakken. Hilmar Guðlaugsson  har mykje å vise til i ei allereie lange trenarkarriere, så førsteseksaren på damelaget skal ikkje sleppe seg for langt ned.

Hilmar starta som trenar for 23 år sidan. Først for aldersbestemte lag, men dei siste femten åra som trenar for seniorlag på toppnivå. I tre år var han trenar for juniorlandslag på Island, med  96-97 kullet frå 15år til 18år. Hilmar og kona Sigrún Arna, flytta til Norge i 2017 for å ta over Florø sitt damelag.  Dei to siste åra har han vore hovudtrenar for Førde sitt førstedivisjonslag, og fekk i 2019 pris, og vart kåra til beste trenar i  NHF Region Vest.

-Vi har jobba lenge med å få Hilmar og familien til Volda og er no utruleg glade og stolte over at vi har fått det til. Hilmar og Sigrún kjem til Volda saman med  borna Elvar (4) og Elena på (6). Det er ein engasjert idrettsfamilie som kjem til Volda og vi skal saman med alle entusiastane og resten av «handballfamilien» sørge for at dei vert verande, seier styreleiar Norodd Dyrhovden.  

 

Her signerer Hilmar for to år i Volda HK. Vi gler oss! 

-Eg synes det er veldig spennande tider framover for Volda Handball. Det er ein klubb som har store ambisjonar både for aldersbestemte lag og senior. Eg ser at det er veldig mange flotte unge talent i spelarstallen. Unge spelarar som har lyst å strekke seg vidare, og eg ser at det er mogleg for meg hjelpe dei videre til toppsatsing.  Eg er også imponert over korleis Volda Handball har jobba dei siste åra, og eg har lyst å vere del av dette prosjektet, seier Hilmar Guðlaugsson.

 

Hilmar Guðlaugsson  fortel vidare at han trur Volda Handball har gode moglegheiter til Eliteseriespel dei neste åra. Det ligg mange nye moglegheiter når den nye hallen står klar, og eg opplever også eit styre som er veldig engasjert. Det er enkelt å sjå ambisjonane i klubbene når dei prioriterer å hente ein trener for å bygge klubben nedanfrå. Dei har fokus på å utvikle dei aldersbestemte laga i klubben, som er fundamentet for vidare suksess.

-Det eg synest blir mest spennande er å få jobbe med mange treningsvillige unge spelarar som har lyst til å  satse mot å  spele på eit høgt nivå. Men eg gler meg også til å vere ein del av heile prosjektet med å få første laget opp i eliteserien, og eg håper eg kan gjere min jobb for at dei måla vert oppfylt, seier Hilmar Guðlaugsson til slutt.

Norodd Dyrhovden, styreleiar i Volda Handball, seier at dette er ei viktig signering for heile klubben. At vi no får Hilmar til Volda, er eit nytt stort steg i retninga av å etablere Volda HK  som ein toppklubb i Noreg. Og ikkje berre på seniornivå, men også som ein komplett breiddeklubb som utviklar spelarar og handballferdigheiter på alle nivå. Gratulerer til alle!

 

For meir informasjon, kontakt:

Volda Handball – Styreleiar Norodd Dyrhovden, tlf. 922 96 776

Volda Handball – Trenar og spelarutviklar Hilmar Guðlaugsson, tlf. 484 05 620