Hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson er godt fornøgd med signeringa: - Ingrid er ein av våre nøkkelspelarar og eg er kjempefornøyd med at eg kan få jobbe med henne dei neste to åra. Ho er ein svært lovande spelar som har utvikla seg enormt sidan ho kom til Volda for to år sidan. Fyrst og fremst så er Ingrid eit fantastisk menneske som er god å ha i gruppa og enkel å jobbe med. Ho er ein av spelarane som går føre med stor innsats på trening. Du kan alltid forvente at Ingrid er fyrst tilbake i retur, gir alt på trening og tar max tyngde på styrketreningane. Ho er ein kulturberar, og dei yngste jentene på laget har veldig godt av å trene med henne no i sommar og sjå kva som må til for å bli god. Eg trur at neste sesong blir Ingrids beste sesong i Voldadrakta, seier Halldór.

 

Publisert juni 2020

 

Ingrid sjølv håper på å halde fram den gode utviklinga: - Eg signerer for Volda for dei neste to åra fordi eg trivst veldig godt her. Vi er ein veldig fin gjeng som har mykje gøy ilag. Ein annan grunn til at eg vel Volda er at eg føle eg får den utviklinga eg treng. Dessutan er det eit stort pluss at vi få ha Halldór i to nye år. Eg har god tru på at vi kjem til å utvikle oss mykje som lag framover, og har sjølvsagt håp om at vi held oss i toppen også den neste sesongen, avsluttar Ingrid.