Hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson er godt fornøgd med signeringa av denne sentrale spelaren: - Vi er veldig glad for at Marte vel å vere med oss vidare. Det var sjølvsagt veldig kjedeleg at Marte blei skada i fjor, men ho har vore veldig flink i opptreninga og vi gleder oss til å få Marte tilbake på bana igjen. Marte er ein handballskalle, ho er ein klok spelar som også har veldig bra tekniske ferdigheiter. Ho har utvikla seg mykje sidan ho kom til oss. Siste sesongen har ho vore meir på sidelinja enn inne på bana, men eg trur likevel at det har vore nyttig for utviklinga hennar som playmaker. Det kan ofte vere nyttig å sjå spelet frå sidelinja. Eg forventar ein svolten Marte Nornes når opptreningsperioda er over, så det er berre å glede seg, avsluttar Halldór

Det gode miljøet og potensialet i klubben var avgjerande for Marte: - Eg valde å signere to år til for Volda fordi eg har stor tru på det langsiktige prosjektet. Klubben har ambisjonar om eliteserien, noko som hadde vore utruleg kjekt å få til her i Volda. Vi er ein treningsvillig gjeng som motiverer kvarandre til å bli så gode som muleg. I tillegg har vi blitt veldig samansveisa, og vi har det alltid kjekt i lag! Eg har utvikla meg godt dei siste åra i klubben, og trur at eg kan fortsette å utvikle meg. No ser eg fram til å bli speleklar og eg gler meg meir enn nokon gong til å kunne ta på meg voldadrakta igjen!  

 

Publisert juni 2020