Hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson ser for seg at Auria vil få ei endå viktigare rolle komande sesong: - Auria er ein veldig viktig spelar i gruppa vår, ho har vore veldig flink dei siste sesongane med å løyse oppgåva som høgreving sjølv om ho er høgrehendt. No vil ho få større oppgåver på venstrevingen der eg trur ho kjem til å storspele neste sesong. I tillegg til å vere ein dyktig handballspelar er Auria fantastisk god å ha for miljøet i gruppa, som er alltid positiv og tek dei oppgåvene ho får frå trenarteamet, avsluttar Halli.
 
Auria har gått gradene i klubben, og gler seg til å kome i gong med ein ny sesong: - Eg er ei Voldajente som trivst godt i heimklubben. Eg har valt å signere for Volda, for eg ser på Volda som ein klubb der eg kan utvikle meg til ein betre handballspelar. Laget består av ein fin og treningvillig gjeng som trivst godt med kvarandre både på og utanfor bana. Vi har også ein god trenar og eit godt team rundt oss. Halli er ein trygg støttespelar som har hjelpt oss som eit lag til å kome oss opp og fram. Eg er veldig spent på komande sesong, og gler meg til å kome skikkelig i gang!
 
Publisert juni 2020