Hanna har spelt dei siste 5 sesongane for Skövde i svensk eliteserie. Sesongen 2014/2015 spelte ho i den norske eliteserien for Fredrikstad. Hanna er 26 år og er opphaveleg frå Gøteborg der ho som ung spelte for klubben Backa HK.

Halldor skildrar Hanna på følgjande måte: - Hanna er den typen av målvakt som vi har vore ute etter ei god stund. Ho er flink til å jobbe med forsvaret, sterk i nærskòt både fra linje og ving. Ho er også veldig flink å setje spelet i gang, noko som kanskje er blant det viktigaste for oss. Vi i Volda Handball er veldig fornøyde med å klare og hente skandinaviske spelarar med eliteserie-erfaring. Det viser at spelarar også utenfor landet har tro på vårt prosjekt og våre ambisjoner.

For komande sesong har Volda Handball ambisjonar om opprykk til Eliteserien. Derfor har det vore viktig for klubben å sikre seg ein keeper med erfaring fra høgaste nivå. Saman med dei andre signeringane klubben har gjort i vår, er vi no svært nær å ha det laget vi ønsker oss for komande sesong.

 

Publisert juni 2020