Hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson gjev Helga følgjande attest: - Helga er ein spennande ung spelar, og eg vil skryte av Stranda IL som har gjort eit fantastisk arbeid med henne då når ho var yngre. Ho har vore hos oss i Volda handball eitt par år no, og har helde fram den fine utviklinga. Helga er strekspelar som har mange kvalitetar. Ho er sterk i forsvar og ein bevegeleg strekspelar i angrep. Samtidig er ho veldig trygg med ballen, og kan faktisk også brukast som bakspelar. Vi trur at Helga kjem til å utvikle seg mykje dei neste sesongane, og har stor tru på at ho blir ei veldig viktig brikke i Volda handball si framtid, seier Halldór.

For Helga var det ikkje vanskeleg å takke ja til tilbodet om kontrakt: - Eg har spelt for Volda i to sesongar i 3. divisjon. Eg føler eg har utvikla meg veldig mykje på dei to sesongane eg har vore her, og vil fortsette å utvikle meg vidare. Frå eg starta i Volda har eg hatt som mål å få spele på 1.divisjonslaget, og då eg fekk tilbodet var det naturleg for meg å signere. Det var ikkje så mykje å tenke på eigentleg. Laget er ein samansveisa og fin gjeng som er gler meg mykje til å spele vidare med. Volda handball er en utruleg entusiastisk handballklubb med eit veldig godt støtteapparat, fantastiske supporterar og masse handballglede, og eg gler meg veldig mykje til å spele i Voldadrakta endå ein sesong! 

 

Publisert juni 2020