Hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson er full av lovord: - Ingvild er ein svært talentfull ving som har utvikla seg mykje dei siste åra. Ho er venstrehendt som er alltid litt ekstra viktig. Ingvild har veldig fine fysiske eigenskapar, og er ei sterk jente som betyr at ho kan stå godt i forsvar på eit høgt nivå. Ho er raskt framme i kontringane, og vi ser ho ofte gripe pasningar i full fart med berre ei hand. Ho kan fortsatt utvikle seg meir, og eg har stor tru på at ho kan bli veldig god i framtida. Ho kjem no inn i 1.divisjon-stallen der eg trur at ho kjem til å få ein god del speletid. Det blir spennande å følgje utviklinga til Ingvild dei neste åra.

 

Ingvild har spelt for Volda for 3. divisjonslag, og er no klar for spel på høgare nivå: - Eg valde å signere for Volda fordi det er ein fin mulighet for meg som spelar å utvikle meg der. Halldór er ein svært dyktig trenar som har mykje kunnskap å kome med, og dette håper eg vil gjere meg til ein betre handballspeler. Klubben har mange gode spelarar på eit høgt nivå, og dette gjer at eg har noko å strekke meg etter. Ein annan grunn til at eg valde å signere for Volda er fordi det er eit veldig godt treningsmiljø der, med stor entusiasme rundt laget. I tillegg er det eit godt sosialt miljø. Støtteapparatet rundt klubben er svært bra, og dei syter for at spelarane får ein god treningskvardag. Eg ser fram til å flytte til Volda, og til sesongstart!  

 

Publisert juli 2020