Nye reglar for å kome inn i Voldahallen:

 

Oppmøte i vestibyla i hallen før trening.

  • Alle ventar i vestibyla til det er klart å kome inn i hallen. Alle skal vere ute av hallen før neste gruppe får kome inn.

  • Alle spritar hendene før dei går inn i hallen.

  • Alle tek av ute-sko i gangen og ber dei med seg inn i hallen og setter

    dei på matta ved nødutgangen ved tribuna eller ved veggen under

    ribbeveggen. Her trengst det orden pga brannforeskrifter.

  • Ta på inne-sko og legg kleda kvar for seg på tribuna.

  • Etter det kan treninga starte

 

  • Slutten av treninga.

  • Alle lag sluttar fem minutt før treningstids slutt. Denne tida skal

    brukast til å få alle ut av hallen før neste gruppe har treningstid.

  • Alle kler på seg ved nødutgangen og går ut av hallen gjennom denne

    døra.

  • Sprit hendene før ein går ut

 

  • Ved trening av aldersbestemte lag, får ikkje born over 10 år ha med foreldre eller andre i hallen utan særskilde grunnar. Forbodet med folk på tribuna, gjeld også for vaksne. Ingen uvedkomande skal inn.
    For å greie gjennomføre dette, er vi avhengige av at to personar (avtalt med trenar) melder seg til tjeneste dei fem minutta innlosjeringa og minutta med tømming av hallen pågår. Det er forbudt for eit lag å starte med trening utan at dette er på plass.

    Foreldre/oppmenn og trenarar har alle same ansvar for at dette fungerer.

  • Trening på Volda Ungdomskule bør så langt råd følgje same retningslinjer. Foreldra bør vente ute (dette er stikk i strid med det vi ynskjer, men er nødvendig i desse dagar).

  • Les også Norges handballforbund sine retningslinjer for trening og kamp for spelararar til og med 19 år. Her er link til dokumentet: https://www.handball.no/nyheter/2020/05/handballens-egen-veileder-for-smittevern/#_Toc48117498

  • Med venleg helsing
    Hilde Karin Berg
    Volda Handballklubb