Hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson ser fram til at Volda skal å få måle krefter med så gode lag: - Det blir veldig spennande å få spele mot to svært gode Eliteserielag, og det er klart at det blir tøffe kampar for oss på laurdag. Levanger veit vi noko mindre om, så det blir derfor også veldig nyttig å sjå korleis vi klarer oss mot dei. Ettersom dette blir våre fyrste treningskampar denne sesongen så vi prøve ut det vi har trent på for å finne ut kva som fungerer og kva vi må forbetre. Sidan forsvarsspelet  kanskje er der vi har hatt størst endring sidan førre sesong vil vi særleg prøve å finne ut korleis vi kan setje opp vårt sterkaste forsvar og kva taktikkar vi kan spele forsvarsmessig. I angrep har vi kanskje hatt mindre endringar, men vi har fleire nye spelarar som må bli vant med timingen i trekka våre og samspelet med dei andre spelarane. Målet for helga vil difor ikkje vere så mykje retta mot resultat, men at vi finn ut kor vi best kan bruke dei forskjellige spelarane og kva vi må jobbe vidare med fram mot treningshelga i Ålgård 28. – 30. august.

Elles så synes deg det er utruleg spennande å kome i gang med å spele kampar igjen, og det trur eg spelarane også gler seg til, avsluttar Halldór.

 

Publisert 20. august 2020