Førre sesong vann Volda 2 si avdeling i 3. divisjon, men fekk dessverre ikkje høve til å spele kvalifisering til opprykk pga korona-situasjonen. I vår blei Hilmar Guðlaugsson tilsett som ny trenar, og han gler seg til å kome i gang med kampar: - Det er veldig fint for ein ny trenar å få kome i gang med kampaktivitet og bli meir kjent med spelarane. Målsettinga for helga er å jobbe vidare med både forsvar og angrep og bli meir samspelte. Eg er også spent på å sjå nivået på desse andre laga i regionen som vi også kjem til å møte i 3. divisjon,» seier Hilmar.

Av omsyn til smittevern blir dette ei turnering berre for spelarar under 20 år, og dessverre blir det heller ikkje opna opp for publikum.

 

Publisert 21. august 2020