- Vi vann siste kamp med tre mål i ein vanskeleg kamp for oss. I den kampen hadde Glassverket 2 sterke skyttarar som gjorde det vanskeleg for oss. Difor forventar vi ein tøff kamp til helga, seier han til voldahandball.no.

Glassverket sitt førstelag spelar til dagleg i eliteserien, og drammensklubben kan kome til å stille med ei rekke sterke spelarar i kampane på Sunnmøre. Dei møter Bergsøy laurdag før dei kjem til Voldahallen søndag.

Merk: Kampen startar søndag kl 16.15, ikkje klokka 18.00 som var det opprinnelige kamptidspunktet.

Vanskeleg å analysere

- Det som er trenaren sitt problem før denne kampen er å vite kva slags spelarar Glassverket stiller opp med. Spelarstallen deira har variert mykje i dei siste kampane, så her er det vanskeleg med analysering av enkeltspelarar. Då er det best å fokusere på oss sjølv, seier Halldór Stefán Haraldsson om det som møter Volda-damene.

For Volda seier det seg sjølv at kampen blir viktig, all den stund laget kjempar om opprykk til 1. divisjon. Då bør heimekampane helst ende med siger i den viktige fasen som seriespelet er i no.

Sjekk tabellen: Volda toppar med 16 sigrar

Testar nye ting i forsvar

- Kva er så fokuset til Volda inn mot oppgjeret?

- Vi har lyst til å prøve nye variantar i forsvarsspelet vårt i helga, vi vil auke mogelegheitene i forsvar og framleis jobbe med fleire mogelegheiter i angrep, seier Haraldsson.

- Jentene har trena godt i det siste etter ein lang pause. Eg trur alle er spente før denne kampen.

Sjekk også: Følg jentene på Instagram