Hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson synest det har vore ei lærerik helg: - Vi spelar mot to svært gode lag på laurdag, og i tillegg til at det er våre fyrste kampar på mange månadar så har vi ei tung reise dagen før. Det var også lite tid til restitusjon mellom dei to kampane så derfor valde vi å dele speletida 50/50 på dei 14 spelarane som vi hadde med oss, der ingen spelte meir enn 65 minutt denne dagen. Det er viktig å ikkje belaste spelarane for mykje slik dei risikerer å vere skada når serien startar, så vi må vere forsiktige i den fasen vi er i no. Eg synes likevel at jentene leverer generelt sett gode kamper der vi har mange fine perioder og kor vi for eksempel mot Byåsen leiar 10 - 8 etter 15 minutt. Sjølv om vi til slutt taper stort så er det berre ein dårleg 15 minutters periode mot slutten av fyrste omgang som skaper den store forskjellen. Etter pause hever vi oss igjen og isolert sett "taper" vi andre omgong berre med fire mål (14 -18). 

På søndag så møter vi eit lag som vi også skal møte i serien. Då har vi fått to kampar i beina og spelarane har blitt litt meir kjent med dei formasjonene som vi ønskjer å bruke både i angrep og forsvar. Vi leverer en ok kamp mot Levanger sjølv om vi meiner at det er meir å gå på.

Samla sett så er eg veldig fornøgd med utbytte i helga. Heldigvis så har vi ei turnering i Ålgård neste helg, der vi kan fortsette med å utvikle oss, pluss at vi kan fokusere på andre variantar som vi ønsker å ha med i spelet vårt, avsluttar Halli.

 

Publisert 25. august 2020