Auria er ei ekte Voldajente som har heile si handballkarriere i klubben. Ho var sentral på laget som Turid Bakke og Jan Helge Løseth i si tid trente. Eit lag med mange fine talent, men som alltid er det få som når heilt opp til det nivået som skal til for å spele topphandball. Auria er lagets raskaste spelar. Det har hun vist gjentatte gonger i testane til Halldor, men det synest også igjen på bana der ho ofte er å sjå i kontra situasjonar. 

 

Seks kjappe!

 

  1. Tidlegare klubb? - Har kun spelt for Volda
  2. Ritual før kamp? - Høyre på god musikk og drikke ein Nocco..
  3. Hobby ved sidan av handball? - Jobbe og vere sosial
  4. Kva er din handballdraum? - Opprykk til eliten med Volda HK
  5. Kva kan du ikke leve utan? - Familien og gode vener
  6. Dette vist du ikkje om meg? - Tidlegare konkurransesvømmar

Publisert 31. august 2020