Kristine er ikkje eit nytt ansikt i Voldadrakta sjølv om ho kanskje ikkje er like kjend for alle. Kristine kom til Volda Handball fra Bergsøy i 2010. Ho var med på klubbens fyrste opprykk til 1. div i 2013, men fylde trenar Alfred Ørn Finsson til Storhamar HK same år. Der spelte ho to sesongar før hun hadde ein sesong i Islandske Valur. Vi er særs nøgde for at Kristine valde å ta ei ny periode i Voldadrakta. Ho er ein fysisk sterk spelar, har rutine, er ein god forsvarspelar og viste seg fram som lagets mest effektive spelar i siste helgs treningsturnering.
Seks kjappe!
Tidlegare klubb? - Bergsøy, Storhamar, Valur
Ritual før kamp? - Høyre på bråkete musikk
Hobby ved sidan av handball? - Sjå sport på TV og henge med familien
Kva er din handballdraum? - Spele Eliteserien med Volda
Kva kan du ikke leve utan? -Taco og brunost...r
Dette visste du ikkje om meg? - Elendig på kjøkenet