Hanna flytta tidlegare i sommar til Volda saman med sambuaren sin Elias. Ho har dei siste sesongane spelt for Skövde i svensk eliteserie, men ho er ikkje ukjend med norsk handball. Sesongen 2015/2016 spelte ho for Fredrikstad i eliteserien. Halldor skildrar Hanna som ein svært god keeper med rutine, som samarbeider godt med forsvaret og som er rask til å setje spelet i gang - ein eigenskap som også har blitt eit varemerke for Voldalaget dei siste åra. Når vi henter ein ny spelar, er vi opptekne av å finne dei personlegdomane som vi trur vil passe inn i laget. Hanna er ein slik type. Ho er open, omgjengeleg og ein person det er lett å like. Vi ønskjer henne, og Elias, velkomne til Volda Handball!

 

Seks kjappe:

Tidlegare klubb?  - Backa HK, Bjurslätts IF, Hisingens HK, Önnereds HK, Fredrikstad Ballklubb, Skövde Handbollsflickor 

Ritual før kamp? - Inte något speciellt direkt! Måste springa längst ut till höger på uppvärmningen dock! 

Hobby ved sidan av handball? - Studerar och vara med nära och kära.

Kva er din handballdraum? - Opprykk med Volda, såklart.

Kva kan du ikke leve utan? - Lakrits. 

Dette visste du ikkje om meg? - Innerst inne är jag en gammal dame som liker att baka, sy, pyssla och lösa korsord. 

 

Publisert 2. september 2020