Kine er ein lynrask venstrekant og kapteinen på laget. Ho set store krav til seg sjølv og dei andre på laget, og ho er ein av grunnane til suksessen vi har hatt dei siste åra. Kine er frå Kvalsund i Herøy og ho er inne i sin niande sesong for Volda Handball, noko som gjer at ho har opplevd både oppturar og nedturar med klubben. Kine scora 54 mål på 18 kampar i fjor og vi forventar at det vert endå fleire i år.

 

Seks kjappe:

Spelt i tidlegare klubbar? - Bergsøy.

Spesielle ritual før kamp? - Tja, må alltid ha svetteband på arma.

Hobbyar ved sida av handball? - Ete god mat.

Kva er din handballdraum? - Spele i eliteserien for Volda.

Kva kan du ikkje leve uten? - Kaffi og god humor.

Dette viste du ikke om meg... - Har støv på hjerna.

 

Publisert 7. september 2020