Halldor er godt nøgd med resultatet: - Fokus før kampen var å starte bra, og at vi skulle klare å halde hovudet kaldt. Nordstrand hadde kanskje litt meir premierenervar, og vi kjem opp i 0-5- leiing. Etterkvart klarer Nordstrand å henge betre med, og heilt på slutten av omgangen får dei straffe og sjansen til å kome heilt opp i ryggen, men Hanna Edvardsson reddar og vi går til pause med leiing 11 - 13. Vi startar 2. omgong mykje betre, og kjem oss fort opp i 5-måls leiing igjen. Eg føler at vi har full kontroll ut omgangen. Det blir litt kaos når det er få minutt igjen, og dei kjem opp i 20-22, men då er vi kloke og styrer inn seier 20 - 24.
 
Eg er veldig glad for at vi vinn fyrste seriekamp mot eit nyopprykka lag på bortebane, det er ikkje berre berre.
 
I forsvar var vi utruleg flinke, men eg føler at vi framleis har ein del å hente i angrep, avsluttar Halldor.