Fride er ei av tre midsundjenter på laget, og ho kom til Volda for to sesongar sidan. Fride er ein strekspelar med solid fysikk, og ho har tatt store steg sidan ho kom til Volda. I tillegg til å være sentral på bana, er Fride viktig for gruppa sosialt. Ho spreier mykje glede og latter både på og utanfor trening. Før Fride flytta hit spelte ho også fotball på høgt nivå. Vi er veldig glad for at Fride valde handballen og Volda, og vi gler oss til å følgje denne spennande strekspelaren i tida framover. 
 
 
Seks kjappe:
 
Spelt i tidlegere klubbar? - Midsund og Molde.
 
Spesielle ritual før kamp? -Ingen. 
 
Hobbyar ved sidan av handball?  - Vere saman med gode vener. 
 
Kva er din handballdraum? - Opprykk med Volda.
 
Kva kan du ikkje leve utan? - Iskald Nocco carribean frå frysaren.
 
Dette viste du ikkje om meg...  -Mista scooterlappen før eg fekk den.
 
Publisert 17. september 2020