Ingrid er ei av to ålesundsjenter på laget og eit stortalent på handballbana. Ho har tidlegare spelt for Blindheim IL, Spjelkavik og Ålesund HK, før ho kom til Volda som 18-åring i 2018. Ingrid har eit skot som alle handballspelarar berre kan drøyme om. Ho er ein fysisk sterk spelar og ei forsvarskjempe som laget set stor pris på. Ingrid har merka seg som ein sentral spelar, og blei lagets toppscorar med 96 mål førre sesong. Vi gler oss til å sjå kva ho har å by på denne sesongen!

 

Seks kjappe:

Spelt i tidlegare klubbar? - Blindheim IL, Spjelkavik IL, Ålesund Håndballklubb
 
Spesielle ritual før kamp? - Har ingen spesielle
 
Hobbyar ved sidan av handball? - Vere med vener og familie
 
Kva er din handballdraum? - Opprykk til eliten med Volda
 
Kva kan du ikkje leve utan? - Sjokolade
 
Dette viste du ikkje om meg....  - Elskar Disney/tegnefilmar. Kan gjerne sjå same filmen om igjen 2-3 gongar på kort tid.
 
 
Publisert 18. september 2020