Marte er frå Ålesund er inne i sin femte sesong for Volda HK. Sidan ho kom til klubben som 18-åring har ho blitt ein viktig playmaker for laget, og i sesongen 2018/19 blei ho toppscorar med 92 mål. Marte er ein klok spelar som har gode tekniske ferdigheiter. I august i fjor rauk Marte korsbandet, og er no inne i ei periode med opptrening. Sjølv om Marte enno ikkje kan vere med for fullt på trening, er ho ein viktig bidragsyatr både på handballbana og sosialt. Vi gler oss og håper det ikkje er lenge til Marte er tilbake på bana igjen.

 

Seks kjappe:

Spelt i tidligare klubbar? - Aksla IL, Ålesund HK.

Spesielle ritual før kamp? - Spele Candy Crush og høyre på Tix.

Hobbyar ved sidan av handball? - Ta buss og spele Apex.

Kva er din handballdraum? - Spele Champions League.

Kva kan du ikkje leve utan? - Sukker.

Dette visste du ikkje om meg... - Er faktisk utdanna samfunnsplanleggar.

 

Publisert 22. september 2020