Hanna er ei av tre Midsund-jenter på laget. Ho har spelt på seniorlaget til Midsund og eit år innom Molde. Hanna har vore ei viktig brikke på laget heilt sidan ho kom til Volda i 2016. Hennar raske finter og stå-på-vilje gjer at vi alltid kan rekne med at ho yter sitt beste, både på trening og i kamp. Ho er veldig imøtekommande og tek seg godt av nye og yngre spelarar på laget. Ein seriøs spelar, men alltid med eit smil på lur og som ikkje tek seg sjølv for høgtidleg. Vi er spente på å sjå kva Hanna kan by på denne sesongen. Anten om det er titalls med mål mellom 1 og 2, eller eit skot med så mykje skru at den går ut til innkast.  

 
Seks kjappe:
 
Spilt i tidligere klubber? - Midsund.
 
Spesielle ritualer før kamp? - Nei.
 
Hobbyar ved sidan av handball? - Sjå på Real Housewives.
 
Kva er din handballdraum? - Eliteserien med Volda.
 
Kva kan du ikkje leve utan? - Nocco.
 
Dette visste du ikkje om meg? - Har tre tatoveringar.