Ingvild spelte tidlegare for Stranda IL, og blei ein del av 1.divisjonslaget i fjor. Ho er ein venstrehendt vingspelar, og har ein svært god fysikk. Ho er hurtig, og difor ofte å sjå i kontrasituasjonar. Ingvild er ein veldig talentfull spelar, med eit stort potensiale. Vi gler oss til å sjå ho på bana og sjå kva ho har å by på kommande sesong!  

Seks kjappe:
 
Spelt i tidlegare klubbar? - Stranda.
 
Spesielle ritual før kamp? - Har ingen spesielle.
 
Hobbyar ved sidan av handball - Vere ilag med vener og familie.
 
Kva er din handballdraum? - Opprykk til eliten med Volda.
 
Kva kan du ikke leve uten? - Familie, vennar og godter.i
 
Dette visste du ikkje om meg: - Har hatt båtlappen i tre år, men kan ikkje å køyre båt.
 
 
Publisert 24. september 2020