Til Volda si store lukke flytta Bintou frå Oslo til Volda då ho var 10 år gamal. Bintou er ein svært målretta og talentfull målvakt og i fjor var ho ein svært sentral spelar då 3. divisjonslaget var nær opprykk. Ho har også markert seg nasjonalt, og blitt teken ut på aldersbestemte landslagssamlingar ved fleire høve. Bintou er i tillegg ei sprudlande jente som spreier mykje glede rundt seg. Ho er berre 18 år, og vi håpar og trur at Volda kjem til å få mykje glede av denne jenta i åra som kjem.

 
Seks kjappe:
 
Spelt i tidlegare klubbar? - Nei, berre spelt for Volda.
 
Spesielle ritual før kamp? - Høyre på musikk.
 
Hobbyar ved sidan av handball? - Vere saman med vener, sjå serie og ete mat.
 
Kva er din handballdraum? - Opprykk til eliteserien med Volda.
 
Kva kan du ikke leve uten? - Pepsi Max.
 
Dette visste du ikkje om meg: - Sang på barnas supershow då eg var lita.
 
 
Publisert 25. september 2020