Helga går no inn i sin tredje sesong for Volda, men sin fyrste sesong som fast på 1. divisjonslaget. Ho er ein ung og lovande spelar som Volda HK er glad for å ha i klubben. Helga er like anvendeleg som ei potet, og kan bli brukt på mange ulike posisjonar på bana, men (vi trur) hun trivst best på streken. Ho er ein tøffing på streken, men er litt av ein luring som kan også finne på å druse ballen i krysset frå back. Helga er ei glad og engasjert jente som alltid gjev 100% både på trening og i kamp. Ho har tatt store steg dei siste åra og denne sesongen kan vi forvente at ho tek endå større steg. Vi gler oss til å sjå potensialet til denne strandajenta vidare utover i sesongen!  

 

Seks kjappe:

Spelt i tidlegare klubber? - Stranda.

Spesielle ritual før kamp? - Har ingen spesielle, men brukar å høyre på musikk.

Hobbyar ved sidan av handball? - Vere saman med familie og vener.

Kva er din handballdraum? - Spele i eliteserien.

Kva kan du ikkje leve utan? - Familie, vener og god mat.

Dette visste du ikkje om meg: - Eg er veldig kresen på mat.  

 

Publisert 28. september 2020