Mina kom til oss frå Sola før årets sesong, og har allereie markert seg som ein leiartype som tek mykje ansvar. Ho er flink å kome med løysingar, både på og utanfor bana. Mina har eit klokt handballhovud og eit blikk for spelet som mange berre kan drøyme om. Ho har mykje handballerfaring og rutine, sidan ho har spelt for eliteserieklubbane Tertnes og Sola. I tillegg til handballen, held Mina på med sitt siste turnusår som fysioterapeut. Ho er også utdanna personleg trener. Vi i Volda HK er veldig glade for at Mina valde å fortsetje handballkarrieren si hos oss.  

 
 
Seks kjappe:
 
Tidlegare klubb: - SIF, Sola, Malaga, Tertnes.
 
Ritual før kamp: - Må alltid knyte skoa ein ekstra gang.
 
Hobbyar utanom handball: - Ete og sove, jobbar ein gong i blant.
 
Kva er din handballdraum: - Opprykk med Volda.
 
Kva kan du ikkje leve utan: - Familie og vener, pluss karbohydratar.
 
Dette visste du ikke om meg: - Eg er utdanna fysioterapeut, men eg høyrer aldri på kva fysioterapeuten seier.
 
 
Publisert 5. oktober 2020