Ho flytta til Volda frå Midsund før denne sesongen og er i gong med sin fyrste sesong i Voldadrakta. Andrea er berre 16 år gamal og går andreåret på videregåande skule. Ifjor spelte ho for Midsund og Molde, kor ho var toppscorar på 16-årslaget som deltok i Bringserien. Andrea er ei treningsvillig jente og eit stort handballtalent som allereie har vist at ho veit kor målet står.
 
Sjølv om ho er yngst på laget er ho likevel ein av dei sterkaste på styrkerommet. Andrea har ein imponerande fysikk og eit sterkt skot bakfra bana. Vi er veldig glade for at Andrea valde å flytte til Volda, og gler oss til å følgje utviklinga til den hardtskytande bakspelaren!
 
 
Seks kjappe:
 
Spelt i tidlegare klubbar? - Midsund og Molde.
 
Spesielle ritual før kamp? - Drikke ein iskald nocco.
 
Hobbyar ved sidan av handball? - Lage god mat.
 
Kva er din handballdraum? - Opprykk med Volda.
 
Kva kan du ikkje leve utan? - Nocco, iste og yoghurtnøtter.
 
Dette visste du ikkje om meg....  - Drikk 1 liter iste om dagen.
 
 
Publisert 7. oktober 2020