Vi ber alle om å lese handballforbundet sin rettleiar for smittevern: https://www.handball.no/nyheter/2020/08/veileder-for-kamp-og-arrangement/

 

Generelt gjeld: 

  • Personar som ikkje er friske/ har symptom på forkjølelse har ikkje tilgong i Voldahallen. 
  • Husk god handhygiene gjennom heile dagen. Bruk handsprit. 
  • Vis omsyn og hald avstand! 
  • Utanfor bana gjelder 1-metersregelen for alle

 

Lagleiar: 

  • Passe på at spelarar og trenarar held 1m avstand på innbyttarbenken 
  • Alle lag må ha med sprit til eige bruk før, under og etter kamp. Det vil elles vere framsett sprit på fellesområder.
  • Vi  ha liste over alle som oppheld seg i hallen med namn og telefonnummer. Elektronisk kamprapport er godkjent dokumentasjon, men vi ynskjer likevel namn og tlf.nr på støtteapparatet ført på eiga liste. I tillegg ber vi om namn og tlf.nr på nytta sjåførar. 
  • For dei lag som ikkje har elektronisk kamprapport, må vi ha fullstendig liste med spelarar og støtteapparat. 
  • Lever liste ved inngangspartiet.
  • Med unntak av J20 og 3.div som kan møte 1t før kamp, ber vi dei andre laga møte ferdig ombytta tidlegast 30 min før kamp. Då skal garderobene og tribunesonene vere klar.
  • Lag opp til og med G/J13 år kan få tildelt ei sone på tribuna istadenfor garderober på dagar med mange kampar. Sone og sitteplasser er merka med gul tape.
  • Dei som får tildelt garderobe oppmodast til å ikkje bruke dusjane, for å lette arbeidet med reingjering mellom laga.
  • Bruk bossbøttene i garderobene og i hallen, slik at reinhaldet vert effektivt.
  • For G/J13 og under er det ikkje mogleg å ha med meir enn 16 personar inkludert spelarar og støtteapparat. Dette for å oppretthalde 1m avstand dersom laget må opphalde seg på tribunesoner. 
  • Lag frå og med G/J14 år får tildelt garderobe på kvart arrangement.
  • I henhold til reglement vert kampar opp tom J/G16 år spelt utan sidebytte. Vi ynskjer av smittevernhensyn å køyre kampane for J20 år også utan sidebytte.
  • Når laget kjem til hallen, vil der vere oppslag om kvar ein skal opphaldet seg før og etter kamp. Det vert opplyst kva tidsrom kvart lag har garderobe eller tribuneplass. Dette for å kunne vaske mellom laga som skal opphalde seg der.
  • Alle går inn hovudinngangen. Der står sprit som alle bruker før ein går vidare til hallen eller garderobene. Der vil vere kjegler oppsett for å styre trafikkretninga. Lag som har fått tildelt garderobe, går direkte dit.
  • Når publikum eller lag skal forlate hallen, går ein ut nødutgangen inne i hallen. Dette for å unngå for mykje trengsel i gangen, mellom lag som kjem og lag som reiser. Vi oppmodar alle til å ikkje opphaldet seg i klynger på uteområdet.
  • Om ein skal i kiosken, må ein gå bak målet til heimelaget. Det er litt trangt om plassen. Vis hensyn.
  • Det vil vere oppmerka oppvarmingssoner i gangen ved garderobene.
  • Lag som nyttar tribunesoner kan varme opp på kvar sin banehalvdel i pausa av pågåande kamp.
  • Hugs å alltid ta hensyn til andre, og hald 1m avstand utanfor bana.

 

Publikum:

Det vil vere enkelt kiosksal i hallen

Det vil vere avgrensa plass til publikum denne hausten og vi håpar laga og tilhøyrande Supportarar ha forståing for dette. Enkelte arrangement vil det vere fleire lag som må nytte tribuna, og det går på kostnad av publikum.

 

I Volda gler vi oss til Volda Campus Sparebank1 Arena opnar rundt nyttår. Då håpar vi at det meste vert lettare.

Vi får iallefall plass til fleire tilskodarar.

 

Med helsing 

Jill Skaar Hovde. 

Arr.ansvarleg

 

Publisert 15. oktober 2020