Vi ber alle om å lese handballforbundet sin rettleiar for smittevern: https://www.handball.no/nyheter/2020/08/veileder-for-kamp-og-arrangement/

 

Generelt gjeld: 

  • Personar som ikkje er friske/ har symptom på forkjølelse har ikkje tilgong i Voldahallen. 
  • Husk god handhygiene gjennom heile dagen. Bruk handsprit. 
  • Vis omsyn og hald avstand! 
  • Utanfor bana gjelder 1-metersregelen for alle

 

Lagleiar: 

  • Passe på at spelarar og trenarar held 1 meter avstand på innbyttarbenken.

 

Billett/inngongskontroll/kiosk 2 personar 

  • Vi  ha oversikt/lister over alle som oppheld seg i hallen med namn og telefonnummer. Etter arr.slutt skal lista leverast til arr.ansvarleg, gjerne på Mail. Lista skal takast vare på i 10 dagar for evt. smittesporing, deretter makulerast.
  • Ved elektronisk kamprapport er dette tilstrekkeleg dokumentasjon, men namn og tlf.nr til trenar og lagleiar skal vere utfylt på eiga liste. 
  • Utan elektronisk kamprapport må laga levere inn liste over spelarar og støtteapparat. I tillegg må laga levere namn og tlf.nr på sjåførar nytta til kampen. Kvart lag som kjem til hallen skal fylle ut dette og levere det ved inngong. 
  • Kvart lag frå J/G 13 og under, kan ha med maks 16 personar inkludert spelarar, støtteapparat. Dette for å sikre plass til alle ved opphald i tribunesoner.
  • Dei som er i kiosk må sørge for å overhalde alle smittevernsreglar. 
  • Lage til bord i gangen for kiosksal og registrering av publikum evt lag.
  • Setje fram sprit i gangen og på kioskbordet. Store pumpeflaske med sprit står på kontoret med vindauge.
  • De må også sørge for at 1 metersregel vert oppretthaldt i inngangs/kioskområdet. 
  • Setje opp kjegler for å skilje trafikkretninga i dette området. Kjegler står i handballgarasjen.
  • Kiosken vil få eit svært begrensa utval. Dette vil vere klargjort på førehand av kiosknemnda. Kaffi må lagast. Kun ein person skal ha ansvar for dette. Pass også på at ingen andre brukar kaffikannene.
  • Pass på at det vert oppretthalde 1 meters avstand i kø. Be folk vente i hallen om det vert for mange i inngongspartiet/kiosken.
  • Før kioskbytte skal alle kontaktflater vere reingjorde, til dømes kaffitraktar/kaffikanner, kjøleskap, dørhåndtak etc.

 

Sekretariat 2 personar 

  • 1-meter mellom dei som sit i sekretariatet. 
  • Sette fram stolar til laga. Brukar dei istadenfor innbytterbenkar. Hugs 1m mellom stolene. Stolane står på lageret.
  • Må sørge for at Timeoutkort er sprita mellom kvar omgang og kvar kamp.
  • Må vaske tastatur og benkeplater etc ved sekretariatsskifte.  
  • Det må vere sprit på bordet, slik at laga/dommarar har dette tilgjengeleg.
  • Ha papir tilgjengeleg dersom det er behov for tørking på bana. Papiret skal kastast i boss etter bruk. Bruk papir frå dispensarar på toaletta.
  • Legg klar og bruk eingongshanskar ved evt mopping. De Finn dette på lageret i ei kasse på benken.

 

 

Hallvakt/reinhald, 2 personar 

Minne om avstand i hallen og på tribune 

  • Ved inngongsparti må det hengast opp oppslag på kva lag som skal bruke kva sone på tribune/garderobe. I tillegg må det hengast opp oversikt på kvar garderobe som vert nytta. Arr.ansvarleg vil lage klart dette og legge det på lageret før helga.
  • Dele opp oppvarmingssoner i gangen ved garderobene. Del av med to taper over golvet midt i gangen. Det skal vere 2m mellom tapane. Laga får halve gangen kvar til oppvarming. De finn gul tape i ei kasse på benken på lageret.
  • Lag som nyttar soner på tribuna, kan bruke speleflata til oppvarming, når det er pause i pågåande kamp. Sjå til at ikkje publikum kjem ut på speleflata.
  • Tribunesone må vaskast etter at eit lag forlet hallen. 
  • Innbyttarbenkar må vaskast mellom kvar kamp (og i pausen hvis det er sidebytte). Sidebytte skal som hovedregel skje berre ved seniorkampar.
  • Garderobene må vaskast mellom kvart lag som nyttar dei. Benker, kran på vask, toalett, dørhandtak, dispensarar. Dersom dusjen vert brukt må denne også vaskast, men vi vil oppmode dei yngre laga om å ikkje bruke dusj. Vi har 30 min til disposisjon.
  • Sjekke fellestoaletta gjennom dagen. Fylle på såpe/sprit/papir ved behov. Vask kontaktpunkt regelmessig. Krana på vasken, toalett og dørhandtak. Tøm bosset ved behov.
  • Generell rengjering/spriting av tribuneområde gjennom dagen.
  • Det er ikkje mogleg for publikum å nytte bana i pausene. Dei som skal i kiosken må gå bak målet til heimelaget for å kome seg ut i gangen. Det er trangt om plassen, vis hensyn.
  • Der er oppvaskhanskar som kan brukast ved vasking/reingjering på lageret. Husk å reingjere hendene før de tek dei på.
  • Bøtter, moppar og klutar finn de på vaskerommet inne i hallen. Diverse vaskemiddel er på lageret. Ein kan bruke papir til å tørke over toaletta. Spray papiret med klorinspray før du tørker over.

  

Trass alt – vi gler oss til at kampaktiviteten startar opp att! 

(Og så gler vi oss til nyehallen opnar, då trur vi at det meste vert lettare, og vi får plass til fleire tilskodarar også.)

 

Jill Skaar Hovde

arr. ansv.

 

Publisert 15. oktober 2020