Pga smittevernreglar blir det dessverre svært avgrensa plass til publikum. Alle bruker hovedinngangen på veg inn, men nødutgangen i hallen blir utgang. Billettkjøp skjer i hallen. Men, kontaktfri betaling. Altså enten vipps eller terminal. Alle må oppgi namn og tlf.nr og skrivast på liste. Enkel kiosk. Vi har berre 38 plassar til publikum, då vi har ei sone på kvar side av tribuna meint på spelarar. Publikum skal ikkje bruke speleflata, men halde seg utanfor bana. Ved pause i pågåande kamp er det laga på tribuna som kan bruke speleflata, ikkje publikum.