På årsmøtet til klubben onsdag kveld, var det mellom anna duka for eit leiarskifte i klubben. Etter ei rekkje år i førarsetet, har Arild funne ut at han vil bruke kreftene sine andre stader i klubben. Difor har valkomiteen hatt travle dagar dei siste vekene, i arbeidet med å finne nye styremedlemmer og ein ny styreleiar for klubben.

Dagleg leiar Hilde Karin Berg overrakte blomar og gåve på vegne av klubben (biletet), til stor applaus.

Ny styreleiar i klubben er Norodd Dyrhovden, og han vart samrøystes vald av årsmøtet.

Arild vil framleis vere ein entusiast og ildsjel i og for klubben, og vil mellom anna vere sentral i det viktige Volda Campus Arena-arbeidet som no spissar seg til i tida som kjem. Dessutan vil han jobbe med sponsorarbeid.

Elles vart forslaget til nytt styre som Gunnar Festøy frå valkomiteen kunne legge fram for årsmøtet, vedteke utan endringar.

Dette er det nye styret:

Norodd Dyrhovden (leiar)
Michele Hoggen (nestleiar)
Bent Ingebrigtsen
Stig Hoel
Elisabeth Mork
Tormod Utne

Varamedlemmer:
Jill Skaar Hovde
Bjørn Osdal
Idar Flo

Kontrollkomiteen består av Jo Stian Tverberg og Svein Roger Hoggen, medan den nye valkomiteen er sett saman av Arild Bakke, Kjell Krumsvik, Ann Elin Bjørkedal og Stian Bjerkvik (vara).